Episodios

  • Internasjonal suksess
    Mar 27 2024

    I denne episoden møter vi regissør Nils Petter Mørland og skodespelar Harald Ottesen Nødvedt i samtale med teatersjef Lundsholt om den internasjonale suksessen «Alle fantastiske ting». Dette er ei interaktiv og altomsluttande framsyning som gir rom for mange refleksjonar, som viktigheita av publikum, om det å bruke komiske verkemiddel for å snakke om det som er vanskeleg og om teater som ei historiemaskin.

    Más Menos
    46 m
  • Tech-teater der publikum får styre skodespelarane
    Feb 10 2024

    I @Ragnarok08 blir publikum utstyrte med kvar sin mobiltelefon, der dei får informasjon og dessutan stemmer over kva retning handlinga skal ta. Det set enorme krav til dei teknologiske løysingane, og i arbeidet med framsyninga har Teater Vestland utvikla ein app frå scratch for å få alt saman til å fungere saumlaust.

    «Ein ideell symbiose mellom bilde og lyd i ein minimalistisk scenografi», seier videodesignar Anders Nybø i denne episoden av podkasten Bak maska. Med seg i studio har teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt dessutan komponist og lyddesignar Viljar Losnegård og regissør Philipp Stengele.

    Más Menos
    30 m
  • AR-teknologi i teateret
    Oct 23 2023

    Torn & Rose i Eventyrland tar i bruk nyskapande AR-teknologi, men manuset som teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt har skrive, kan setjast opp også utan animerte drake. I botnen ligg ei drivande god historie om Torn & Rose som må redde Eventyrland frå undergangen. Til langt ut i prøveperioden hadde dramatikar og regissør Lundsholt ein tsjekkisk tøydrake i bakhand, for det var slettes ikkje sikkert at AR-teknologien kom til å fungere. Det røper ho i denne samtalen med teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag ved Teatret Vårt. Og resten er historie.

    Más Menos
    51 m
  • Korleis det burde vere versus korleis det er
    Oct 19 2023

    I Tollak til Ingeborg borer Tore Renberg i eit tema han lenge har hatt lyst til å ta skikkeleg i øyra: menn og vald. «Kvifor er det slik at mange av oss menn får lyst til å bruke neven», spør han i denne episoden av podkasten vår Bak maska, der han i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakkar om dramatiseringa og iscenesetjinga av sin eigen suksessroman. Tollak til Ingeborg er ikkje ei idiealisert forteljing om mannen. Skal kunst vere ærleg, kan ein ikkje vegre seg.

    Más Menos
    43 m
  • Ei teateroppleving på øyret
    May 15 2023

    Lyst på ein skule(halv)time om binaural lyd? Då vil du ikkje gå glipp av denne episoden av podkasten vår Bak maska! Lyddesignar og komponist Eirik Havnes og regissør Elisabet Topp snakkar seg varme om lyd og høyrsel i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. Frå 9. juni kan publikum oppleve Skogsopplevingar, ei teateroppleving på øyret. Jepp, dette er ein podkast om ein podkast.

    Más Menos
    32 m
  • Kva er godt teater for heile familien?
    Mar 23 2023

    Det er i alle fall ikkje å lage to framsyningar i éi; ei framsyning for barna og ei for dei vaksne. Ei god familieframsyning samlar generasjonane i opplevinga. Kanskje er det eit ekstra lag der for dei vaksne, men det skal ikkje vere slik at barna sit der og ikkje forstår.


    I Teater Vestland sin moderne versjon av Peter Pan har regissør Philipp Stengele plassert Wendy, John og Michael på gamleheimen. Der gløymer dei smerter og andre avgrensingar og leikar seg tilbake til barndommen, fortel regissøren i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

    Más Menos
    53 m
  • Om å regissere eigen dramatikk
    Mar 4 2023

    Lene Therese Teigen har både skrive og hatt regi på Mødrevariasjonar, eit verk ho har laga på bestilling for Teater Vestland. Når ein går frå dramatikar til regissør, må ein kaste alle bitane opp i lufta og setje dei saman på nytt, seier Teigen i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

    Det er ein prosess som kan utfordre og overraske. I Mødrevariasjonar er det spesielt éi scene som viser seg å romme både galskap og komedie.

    Más Menos
    45 m
  • Om å skrive ny, nynorsk dramatikk
    Jan 4 2023
    Lene Therese Teigen har skrive Mødrevariasjonar som vi opnar 2023 med her på teateret. I samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt fortel ho at ho er litt av ein matte- og skjemanerd. 4 skodespelarar fyller 16 roller. Teigen er opptatt av å skape gode roller for kvinner, som noko meir enn bikarakterar i menns liv. Det handlar ikkje berre om kvinnesak. Det skjer noko interessant når éin skodespelar har fleire roller og det er tydeleg for publikum at hen går frå den eine til den andre. Skodespelaren kjem meir fram som seg sjølv på scena.
    Más Menos
    45 m