Episodios

  • Einar Almås – om Næringslivet i Sunnhordland, Verdiskaping , Sparebanken Vest og Samfunnsansvar
    Jul 15 2024

    Einar Almås er assisterande banksjef i Sparebanken Vest. I denne episoden deler han av si innsikt om lokalt næringsliv i Sunnhordland og verdiskaping.

    Du får høyra om korleis det er å jobba i Sparebanken Vest og om visjonen om å gjera livet betre for vestlendingane, både gjennom økonomisk rådgjeving og ved å ta samfunnsansvar.

    Overskotet til Sparebanken Vest skal komme Vestlandet til gode. Høyr om korleis du kan søke om ulike midlar gjennom Sparebanken Vest sin søknadsportal.


    Sjekk ut: https://prosjektmidler.spv.no

    Más Menos
    38 m
  • Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad – om LR Fargestudio, Interiørrettleiing, Fargepsykologi og Gründerliv
    Jul 8 2024

    Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad er litt over snittet interesserte i fargar og korleis fargar påverkar oss.

    Dei kan hjelpe deg med å skape unike og inspirerande interiørdesignløysingar som gjenspeglar stilen og personligheita di.

    Kva er det som får to damer på Tysnes til å ta steget inn i gründerlivet, og korleis påverkar fargar atmosfæren og kjensla i eit rom? Dette og mykje meir får du høyre om i denne episoden.


    Sjekk ut:

    • https://lrfargestudio.no
    • https://www.facebook.com/lrfargestudio
    • https://www.instagram.com/lrfargestudio/


    Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - ⁠⁠https://www.visittysnes.no⁠⁠


    Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.


    Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠⁠visittysnes.no⁠⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.

    Más Menos
    57 m
  • Alejandro Gómez Villanueva – om Stord Lydskule, Kreativitet og Kultur
    Jul 1 2024

    Alejandro Gómez Villanueva startar opp Stord Lydskule. I denne episoden får du høyre meir om dette prosjektet, kven det er for og korleis det vil sjå ut i praksis. Stord Lydskule passar for både unge og vaksne. Går du med ein draum om å bli den «neste Kygo»? Då bør du i alle fall lytte til denne episoden.


    Sjekk ut: https://www.stordlydskule.no

    Stord Lydskule på Facebook og Instagram


    Más Menos
    30 m
  • Torstein Hatlevik - Om Haaheim Gaard og korleis ein lukkast innan reiseliv i Sunnhordland
    Jun 24 2024

    Torstein Hatlevik fortel om historia til Haaheim Gaard og korleis han har bygd stein på stein for å utvikle denne destinasjonen i Sunnhordland. Han deler sine beste tips og strategiar for å lukkast i reiselivet.

    Sjekk ut: https://www.haaheimgaard.no


    Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - https://www.visittysnes.no


    Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.


    Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.


    Más Menos
    31 m
  • Øystein Vaage – om Tysnesfest, festivalvêr, kulturkontoret og spraytan
    Jun 20 2024

    Det har vore nokre tøffe år for Tysnesfest, men no er det igjen klart for festival den 11.-14. juli. I denne episoden får du høyre litt om kva som står på programmet, vegen dei har gått dei siste åra, og du blir litt betre kjend med han som er dagleg leiar for Tysnesfest – Øystein Vaage.


    Sjekk ut: https://tysnesfest.no


    Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - https://www.visittysnes.no


    Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.


    Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.

    Más Menos
    44 m
  • Anne Britt Ottesen - om Velværetunet, Gründerskap
    Jun 17 2024

    I over 20 år har Anne Britt Ottesen gitt kvinner og menn eit etterlengta friminutt i kvardagen på Velværetunet. Ho er ekspert på hud og makeup og har undervist om helse og kosthald. Ja, ho er rett og slett godt over snittet interessert i kva som påverkar huda og helsa vår.

    I denne episoden får du høyre om den dramatiske hendinga som førte til at Anne Britt tok steget og starta for seg sjølv.

    Du får gode tips om ting ho har lært etter over 20 år som gründer, og du får nyttige tankar om korleis vi best kan ta vare på huda vår. Pluss mykje meir!


    NB: Velværetunet har to kundekveldar i året. Der tar ein opp aktuelle tema som til dømes kvinnehelse.


    Sjekk ut: https://www.velveretunet.no


    Sponsor: SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner

    Din lokale rekneskapsførar finn du sjølvsagt hos SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner. Med engasjement for lokale bedrifter, landbruk, næringsliv og samfunn har du kjent dei som Tveit Rekneskap. Og det engasjementet forsvinn aldri. Det lever vidare, berre i ny drakt.

    Som SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner skal dei hjelpe lokale bedrifter med å lukkast.

    SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner er der du er.

    Dei har kontor på Bømlo, Fitjar, Husnes, Rosendal og Heiane på Stord.


    Más Menos
    1 h y 21 m
  • Hans-Petter og Tuva Almås – om å følgje draumen til Skotten Seter - Bed & Husky
    Jun 10 2024

    Kva er det som får ein familie til å flytte frå Sunnhordland til Ringebu (sjølv om heimen alltid vil vere Almås på Stord)?

    Korleis er livet med sånn ca. 12 hundar?

    Kva kan du oppleve på Skotten Seter - Bed & Husky?

    Dette og mykje meir får du eit innblikk i om du lyttar til denne episoden med Hans-Petter og Tuva Almås.

    Har du vurdert å følgje draumen?

    Lytt og bli inspirert!


    Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no


    Hos B3 Helse på Heiane kan du få hjelp av fysioterapeut dersom du treng opptrening etter skade, slit med smerter eller har kvinnehelserelaterte plager. Muskelterapeuten kan hjelpe deg om du har stive, ømme muskler eller berre treng ei avslappande massasje eller gode hudprodukt. Treng du verktøy til å takle stress i kvardag eller jobb, eller støtte til å sortera for å finna den gode balansen i livet, bør du kontakte vår dyktige coach. B3 Helse - vi er her for å bidra til at du får betre helse. Besøk www.b3helse.no eller våre Facebook- eller Instagram-sider for meir info.


    Más Menos
    51 m
  • Sigbjørn Framnes – om Lokalpolitikk, Kritikk og Politikarforakt
    Jun 6 2024

    Ordførar Sigbjørn Framnes fortel om korleis livet har vore i lokalpolitikken på Stord den siste tida. Han svarar på spørsmål som lyttarar har sendt inn om saka om skulestrukturen på Stord.


    Seminaret med KS-konsulent Håvard Moe som blir omtalt i episoden ser du her: ⁠https://www.youtube.com/watch?v=dIuaRU-5zxs⁠


    Más Menos
    45 m