Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune  By  cover art

Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune

By: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Summary

  • Kva betyr fylkeskommunen for deg? Kva gjer eigentleg ein fylkeskommune? I podkasten Frampå skal vi snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rollen vår som regional utviklar og som ein del av demokratiet - og om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

    Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast. Kvar månad vil du få nye episodar.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Møre og Romsdal fylkeskommune
    Show more Show less
Episodes
  • Kraftkrise i fylket - hindrar utviklinga i næringslivet
    May 6 2024

    NHO-direktør i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, meiner kraftsituasjonen i fylket er med på å bremse utviklinga for næringslivet.

    – Vi står i fare for å miste nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder. Det er selskap i dag som ikkje får begynne på utbyggingar fordi det ikkje er nok tilgang på kraft, seier Solheim i podkasten Frampå.


    Administrerande direktør Erik Espeseth i Tafjord Kraft-konsernet, tar til ordet for vindkraft på land som løysing på problemet.

    – Det er det einaste som kan gi eit vesentleg bidrag for å løyse kraftfloken på ein kosteffektiv måte. Vindkraft er den rimelegaste krafta du kan bygge i dag med litt skala. Og ser vi på fylket, er det rikeleg med plassar der det går an å bygge vindkraft på land, seier Espeseth i podkasten.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    30 mins
  • Kraftkrise i fylket – vi må ha meir straum
    Feb 22 2024

    Det er underskot på kraft i Møre og Romsdal, og vi produserer berre halvparten av det vi bruker. I den nye podkast-episoden får vi hjelp av to ekspertar på energi til å forklare krisa.

    – Den store utfordringa framover blir korleis vi skal få tak i meir kraft, seier Bengt Endreseth leiar av seksjon for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Saman med sivilingeniør Tore Tomasgard, som har vore med å kartlegge kraftsituasjonen i ein rapport for fylkeskommunen, slår han fast at kraftprisane vil stige i åra framover – og vil variere.

    Dei er begge gjester i studio når vi spør om korleis vi skal løyse kraftkrisa. For det hastar – og det hastar veldig!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    30 mins
  • Den nye fylkesordføraren: – Det vart eit maraton hekkeløp
    Oct 27 2023

    Møt Anders Riise - den nye fylkesordføraren i Møre og Romsdal.

    I podkasten fortel han om kva han vil utrette i rolla, om kva moglegheiter han ser for Møre og Romsdal og kvar fylket er om fire år.

    Vi år også høyre om kva forventningar ei rekke politikarkollegaar har til den nye fylkesordføraren.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    35 mins

What listeners say about Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Average customer ratings

Reviews - Please select the tabs below to change the source of reviews.