Skrivesnakk  By  cover art

Skrivesnakk

By: Sunniva Relling Berg
  • Summary

  • Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.

    I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.


    Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.

    Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.

    © 2024 Skrivesnakk
    Show more Show less
activate_primeday_promo_in_buybox_DT
Episodes
  • 44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar
    Jun 19 2024

    Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om.

    I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker.

    Hennar første roman for vaksne, Longyearbyen, fekk svært gode kritikkar og har blitt omsett til mange språk.

    Bøker av Heidi Sævareid:

    • Spranget – roman, Omnipax (2013)
    • Slipp hold – ungdomsroman, Mangschou forlag (2015)
    • Slagside – ungdomsroman, Gyldendal (2016)
    • Bruddlinjer – ungdomsroman, Gyldendal (2017)
    • Life in the U.K – roman, Flamme (2018)
    • Longyearbyen – roman, Gyldendal (2020)
    • XR UK – ungdomsroman, Flamme (2021)
    • Positurene – roman, Flamme (2021)


    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: skrivesnakk@gmail.com
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes

    Show more Show less
    53 mins
  • 43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil
    May 7 2024

    I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen.

    I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å skrive 22 serieromanar under pseudonymet Karen Støylen og vegen til å bli forfattar.

    Martin sine bøker:
    Fallgard (2024)
    Vardane (2022)
    Vintertrang (2013)

    Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: skrivesnakk@gmail.com
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes

    Show more Show less
    22 mins
  • 42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv
    May 7 2024

    Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet.

    Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger.

    Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støylen, i tillegg til innsikt både om skrivinga og gardslivet.

    Bøkene til Hilde Myklebust:

    • Berre dagar seinare, lyrikk, Samlaget (2005)
    • Søkk, lyrikk, Samlaget (2008)
    • Jon og den lange julenatta, barnebok, Samlaget (2009)
    • Glødepunkt, roman, Samlaget (2011)
    • Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, lyrikk, TUR forlag (2012)
    • Bjørkebokstavar, barnebok, Samlaget (2015)
    • Kvar ein fugl, lyrikk, Samlaget (2018)
    • Ylva og villgeitene, barnebok, Samlaget (2020)
    • Splintra, ungdomsbok, Samlaget (2022)

    Bøkene til Martin Baldysz

    • Vintertrang, roman, MARGbok (2013)
    • Vardane, roman, Samlaget (2020)
    • Fallgard, roman, Samlaget (2024)

    Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: skrivesnakk@gmail.com
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes

    Show more Show less
    31 mins

What listeners say about Skrivesnakk

Average customer ratings

Reviews - Please select the tabs below to change the source of reviews.