Episodios

  • Ungdomssøvn
    Jun 14 2024

    Ungdom som kjem i puberteten opplever endringar i søvn og døgnrytme. Det blir vanskeligare å kome seg i seng om kvelden, og ikkje minst å kome seg opp om morgonen. Skuldast det her berre dårlege val og feilprioritering?

    I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvn og døgnrytme i ungdomstida, og vi diskuterer hva ungdom sjølv kan gjere, korleis foreldre kan hjelpe, og kanskje viktigast - korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at ungdom skal få nok søvn.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    30 m
  • Det finnast hjelp
    May 23 2024

    Dette er episoden du har venta på! Søvnpodden losar deg gjennom ikkje-medikamentell søvnbehandling, steg for steg. Med litt kunnskap, og enda meir motivasjon er det faktisk mykje du kan få til på eigenhand.

    Med oss i studio er Bjørn Bjorvatn, kanskje den i Noreg med mest erfaring innafor ikkje-medikamentell behandling for kronisk insomni. Anten du er pasient, pårørande, lege eller anna helsepersonell - i denne episoden forklarar vi det du treng å vite!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    43 m
  • Søvn i overgangsalderen
    Apr 19 2024

    Er du kvinne i 40-50 åra og opplever du søvnvansker? Eller kanskje du kjenner eller bur saman med ei? Då bør du lytte til denne episoden av Søvnpodden! Søvnproblem er nemlig et vanlig symptom i overgangsalderen, og det er det ikkje alle som veit.

    For å lære meir om dette har Søvnpodden hatt besøk av Anita Prante (forfattar av "Menopauseboka"), som nærast boblar over både av kunnskap om overgangsalderen og engasjement for folkeopplysing.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    32 m
  • Hjernevask, astrocyttar og demens
    Mar 27 2024

    Denne episoden er for deg som vil vite enda meir om kva som skjer i hjernen når vi søv. Rune Enger er hjerneforskar og introduserar astrocytter (stjerneceller!) til vokabularet ditt - desse hjelper hjernen i å kvitte seg med avfallsstoff under søvn. Det er nesten som om hjernen slår på ei vaskemaskin når vi sovnar. Så enkelt, men likevel så komplisert, og viktig!

    Hjernevask kan nemlig forklare kvifor lite søvn ser ut til å auke risikoen for demens...


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    20 m
  • Snorkepodden!
    Mar 13 2024
    Søvnapné (episodar med pustestopp under søvn) er ein av dei vanligaste søvnsjukdomane våre. Søvnpodden har besøkt Harald Hrubos-Strøm, øyre-nase-hals-lege og søvnforskar, for å lære meir om kva som skjer ved pustestopp (under søvn) og om korleis søvnapné kan behandlast. Harald fortel entusiatisk - både om CPAP og alternative behandlingsmetodar. Mykje å lære, både for pasientar og pårørande!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    24 m
  • Bonusepisode: Helsesista!
    Feb 23 2024

    Kva er ungdom opptatt av når det gjeld søvn?

    Det har Helsesista, heile Noreg si helsesøster på sosiale medier, freista å finne ut av. I denne første bonusepisoden av Søvnpodden tar ho styringa i studio, med ein bunke spørsmål hun har fått frå følgarane sine. Ingvild og Siri frå Søvnpodden blir gjester i studio, og svarer på spørsmålene etter beste evne.

    Tidspress, tankekjør, mareritt og skjermbruk vert nokre av temaa.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    26 m
  • Kven/kva er Søvnpodden
    Feb 23 2024
    Søvnpodden er ein podkast for alle som søv. Og det gjer jo dei aller fleste av oss, kvar eineste natt. Om du likevel er usikker på om dette er ein podkast for deg, og ikkje er heilt klar for å hoppe til sengs med framande sånn heilt utan vidare, føreslår vi at du lytter til denne lille snutten. Her kan du bli litt kjent med oss i Søvnpodden, kva vi driv med og kva vi tenker å snakke om i episodane framover (spoiler: det har med søvn å gjere).

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    5 m
  • Søvn i dyreriket
    Feb 15 2024
    Alle dyr søv! Eller gjer dei egentlig det? For å finne svaret har Søvnpodden teke turen til Oslo for å ta ein prat med zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk Museum. Petter fortel entusiastisk om alt frå delfinar og fuglar som søv med halve hjernen, til manetar som søv UTEN at dei har ein hjerne.  

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    26 m