Episodios

  • Tonje Hardersen - om Den norske filmfestivalen i Haugesund 2024
    Aug 15 2024

    Tonje Hardersen er festival- og programsjef ved Den norske filmfestivalen i Haugesund. I denne episoden deler ho litt om årets program på filmfestivalen, oppgradering av kinosalar på Edda og utdeling av Amandaprisen.

    Vi mimrar også litt tilbake til koronatida og korleis den prega festivalen.

    Dette er ein episode litt utanom det vanlege her i Sunnhordlandpodden, men satsar på at det er greit.

    Har du tenkt deg på festival? Gje eit hint til post@sunnhordlandpodden.no, så kanskje me kan ta ein kaffi mellom alle filmane.

    Más Menos
    15 m
  • Svein Aase og Lene Norheim Håland - Friluftsinspirasjon og Instagram-suksess med Hiketowest
    Aug 12 2024

    I denne episoden møter me Svein Aase og Lene Norheim Håland, duoen bak Instagram-kontoen Hiketowest. Dei deler sine tankar om korleis dei har lukkast på Instagram, gir deg inspirasjon til friluftsliv, og fortel om korleis dei bruker sosiale medium til å inspirere andre til å utforske naturen. Høyr deira beste tips for å kombinere hobby, arbeid og digital synlegheit. Dette er ein episode for deg som er glad i naturen, og som vil lære meir om å byggje eit engasjert følgjarskap på Instagram.

    Más Menos
    49 m
  • Inger Christin Hystad Barane - om om kvifor fleire unge bør engasjere seg politisk, draumen om Ferrari og Alice Cooper
    Aug 8 2024

    Som politikar er ho kunnskapsrik, innsiktsfull og god til å snakka både til hjarta og hjernen. Eit stort politisk talent, rett og slett – det er skussmålet Inger Christin Hystad Barane får av meir erfarne politikarar.

    Hausten 2023 kom ho inn i kommunestyret på Stord, så vidt me veit som den yngste kvinnelege representanten gjennom tidene.

    I denne episoden får du bli litt betre kjent med Inger Christin og korleis det er å vere engasjert i politikken.

    Más Menos
    40 m
  • Fredrik Mettälä – om kvifor fleire unge bør engasjere seg politisk og korleis livet er som ung kommunestyrerepresentant
    Aug 4 2024

    Kva er gode grunnar til at fleire unge bør engasjere seg politisk? Og korleis er livet som ung politikar? I denne episoden deler Fredrik Mettälä kvifor han håpar at mange unge tek steget inn i politikken. Han fortel også om kva som kan vere utfordrande som ung politikar.

    Más Menos
    40 m
  • Mathilde Junge – om Overdose og eit Krevjande Liv, Andre Omgang og Oppstart som Virtuell Assistent
    Jul 29 2024

    I første omgang levde Mathilde Junge eit krevjande liv, prega av rus og vonde opplevingar. Men livet snudde, fleire gongar. I dag, i andre omgang, er Mathilde gründer av eige firma og jobbar som virtuell assistent. Kva inneber det, og korleis har livet vore på godt og vondt? Det får du høyre om i denne episoden.

    Más Menos
    34 m
  • Lisa Landvik Berge – om å Bu i Bil og Båt, Moster og Leap
    Jul 22 2024

    Korleis er det å bu i ein bil eller i ein båt? Fungerer det for ein familie på fire? Det får du høyre om i denne episoden der Lisa Landvik Berge er gjest.

    Ho har god erfaring med å bu i ein bil og har nyleg flytta inn i ein båt. Korleis pregar det familieliv og gründerliv?

    Du får også høyre om:

    • Utforming av visuell profil til Moster 2024
    • Oppstart av eige firma
    • Reisetips
    • Vanlife
    • Og mykje meir.
    Más Menos
    44 m
  • Einar Almås – om Næringslivet i Sunnhordland, Verdiskaping , Sparebanken Vest og Samfunnsansvar
    Jul 15 2024

    Einar Almås er assisterande banksjef i Sparebanken Vest. I denne episoden deler han av si innsikt om lokalt næringsliv i Sunnhordland og verdiskaping.

    Du får høyra om korleis det er å jobba i Sparebanken Vest og om visjonen om å gjera livet betre for vestlendingane, både gjennom økonomisk rådgjeving og ved å ta samfunnsansvar.

    Overskotet til Sparebanken Vest skal komme Vestlandet til gode. Høyr om korleis du kan søke om ulike midlar gjennom Sparebanken Vest sin søknadsportal.


    Sjekk ut: https://prosjektmidler.spv.no

    Más Menos
    38 m
  • Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad – om LR Fargestudio, Interiørrettleiing, Fargepsykologi og Gründerliv
    Jul 8 2024

    Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad er litt over snittet interesserte i fargar og korleis fargar påverkar oss.

    Dei kan hjelpe deg med å skape unike og inspirerande interiørdesignløysingar som gjenspeglar stilen og personligheita di.

    Kva er det som får to damer på Tysnes til å ta steget inn i gründerlivet, og korleis påverkar fargar atmosfæren og kjensla i eit rom? Dette og mykje meir får du høyre om i denne episoden.


    Sjekk ut:

    • https://lrfargestudio.no
    • https://www.facebook.com/lrfargestudio
    • https://www.instagram.com/lrfargestudio/


    Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - ⁠⁠https://www.visittysnes.no⁠⁠


    Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.


    Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠⁠visittysnes.no⁠⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.

    Más Menos
    57 m