• Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast

  • By: NLR Vest
  • Podcast
Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast  By  cover art

Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast

By: NLR Vest
  • Summary

  • Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

    Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


    NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

    Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    NLR Vest
    Show more Show less
Episodes
  • Fôrkvalitet
    May 2 2023
    Våren er godt i gang, og før me veit ordet av det, så er det plutselig slått att! Det har dei siste åra vore auka fokus på fôrkvalitet, og skilnad på god og dårleg fôrkvalitet. Kva er det som påverkar korleis kvaliteten av grovfôret vert , og kva verktøy har bonden for å ta dei rette avgjerdslene for å få den kvaliteten han eller ho treng til akkurat si gardsdrift? I denne podkasten snakkar me med Petter Klette som er rådgivar i Tine, og Håvard Steinshamn som er forskar i Nibio.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    24 mins
  • Grovfôrvekst
    Mar 20 2023
    Nok grovfôr av rett kvalitet er avgjerande for å lukkast i mjølkeproduksjon. På Fureneset testar dei no ut om tidlegare gjødsling og tidlegare slått kan vera med å bidra til meir grovfôr med høg fôrkvalitet. I denne episoda snakkar vi med Håvard Steinshavn og Åsmund Mikalsen Kvifte, som begge er forskarar i Nibio.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    23 mins
  • Landbruksplast, utfordringar og moglegheiter
    Dec 13 2022
    Vi brukar den til alt, og vi finn restar av den overalt. I sjøen, i fjæra, langs vegen, oppe i trea og langt til skogs. Plast!  Materialet som nesten alt er pakka inn i, og som har ei bortimot uendeleg nedbrytingstid. Ei forbanning på avvegar og ei velsigning i bruk. Visste du at landbruket er knallgode på attvinning av plast? Heile 86% av innsamla landbruksplast vert nytta om att. Kanskje er den neste bereposen du tek på Rema tidlegare rundballeplast! Høyr meir om utfordringar og moglegheiter for landbruksplasten når vi snakkar med Kari Sigrun Lysne i podkasten Vestlandsbonden. 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    20 mins

What listeners say about Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast

Average customer ratings

Reviews - Please select the tabs below to change the source of reviews.