Episodes

  • Livet på karkirurgisk sengepost
    May 31 2024
    Kva kan du vente deg om du vert innlagd på ei karkirurgisk avdeling? Vi får kjennskap til livet på sengeposten gjennom sjukepleier Helena Økland sine levande forteljingar. Om kva som er utfordrande, kva som gjer arbeidet meiningsfylt og dei gode dagane. Om du er sjukepleier: Bli inspirert :)

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    44 mins
  • Likfingre - eller Raunaud
    Apr 30 2024
    I denne episoden har vi besøk av Eirik Dalheim, som har Raynaud. Han fortel om kva for symptom han opplever, og korleis han har tilpassa livet sitt så han lev godt med likfingrane sine. Karkirurg Einar Andrè Brevik forklarar sjukdomsmekanismen og kva for behandlingstilbud som fins.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    29 mins
  • Hovudpulsåra som nesten sprakk
    Dec 19 2023
    Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    29 mins
  • Fellesepisode - Den grufulle vegen til i dag
    Oct 31 2023
    Endelig har Helse Bergen både fått nok podkaster, og klart å få samla gjengen til ein fellesepisode! I denne tverrfaglige bonusepisoden, utgitt den siste dagen i oktober like før sukkeret tar fullstendig overhand, oppsummerer karkirugane, ortopedane, infeksjonsmedisinarane og anestesi- og soveekspertane korleis vi har kome til det vi kjenner som moderne sjukehus og behandling. Som du gjerne gjetta - det har ikkje vore ei særleg hyggjeleg reise, men skal du lage god omelett så må du knuse nokre... egg.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    1 hr and 15 mins
  • Kar + Plastikk = Sant
    Sep 12 2023
    Kva er lysken, kvifor er han så vanskelig og korleis kan plastikkirurgi plutselig henge saman med blodårer? Vi har fått med oss plastikkirurg Henrik Løvendahl Svendsen til å fortelle om flytting av hud, muskler og andre ting som du kanskje helst vil ha der det høyrer heime.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    38 mins
  • Eg blør! - eller karskader
    Apr 20 2023
    Veit du kva du skal gjere om du finner nokon på gata, omringa av blod? Eller veit du kva kirurgane gjer når blodårene ikkje held tett? I denne episoden fortel vår åreguru Espen Gubberud om kva som skjer når du har fått ein alvorleg skade på blodårene dine.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    30 mins
  • Kjempestore klumpebein - eller lipødem
    Mar 8 2023

    Lipødem er ein typisk kvinnesjukdom: Rammer berre kvinner, lite og dårleg forskning, få og dårlege behandlingstilbod. Eksperten vår, overlege i plastikkirurgi Hildur Skuladottir, har teke hand om desse damene og styrer eit nasjonalt forskningsprosjekt der pasientane får eit heilheitleg tilbod med oppfølging og operasjon. 

    Ordforklaringar til denne episoden:

    Hypertensjon = høyt blodtrykk

    Varicer = åreknuter

    Ødem = væskeansamling

    Inflammasjon = betennelse

    Underekstremiteter = beina

    Lymfebaner = samler opp væske fra vevene

    Lymfødem = væskeansamling på grunn av overbelastning av lymfesystemet

    Progredierende = tiltagende

    Toksiske doser = Mengde der giftige effekter viser seg

    Elektrolyttforstyrrelser = tilstand med ubalanse i salt-og mineralnivå i kroppen

    Anestesimidler = legemidler som brukes til bedøvelse under operasjoner


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    36 mins
  • Trening av røykebein
    Feb 10 2023

    Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette. Ho er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon:

    https://stolav.no/fag-og-forskning/kompetansetjenester-og-sentre/nasjonal-kompetansetjeneste-trening-som-medisin

    Du finn dei òg på Facebook. Gruppa heiter Trening som medisin. 

    Meir om røykebein? Finn frem episode 4. Vi har òg snakka om trening og blodårer i episode 6. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show more Show less
    31 mins